Lurer du på straumforbruket ditt? Nettselskapet vert ofte kontakta av kundar som ikkje forstår kvifor forbruket er som det er? Her prøver me å veilede deg vidare. (veldig ofte er det ein ovn eller varmekabel som står på som du ikkje var klar over) Skjermknappen på måleren Ein kan hente ut ein del informasjon frå målaren. Blant anna spenning, straum, forbruk og øyeblikksforbruk.Korte trykk på knappen tar deg gjennom menyen. Sjå brukarmanualen for fullstendig oversikt over kva alle kodane betyr. Øyeblikksforbruk Kode 1.7.0 viser øyeblikksforbruket ditt. Skrur du av f.eks ein og ein sikring, vil du her sjå kva for kurs som brukar straum. Dette vil kanskje hjelpe deg å finne ut kvar forbruket ditt går.