Veglys

Det er den som eig vegen som har ansvar for både anlegg og drift av veglys langs vegen. Dette kan vere Statens vegvesen, fylkeskommunen, kommunen, eller private (grunneigar eller burettslag).

For tida vedlikeheld Haringnett kun veglysa langs dei kommunale vegane i Kvam, etter dei rammene som Kvam herad til ei kvar tid fastset. Kvam Herad bestemmer nivået på vedlikehaldet og kva prioriteringar som skal gjerast når det gjeld utskifting av lampar.

De kan bruke Vegkart sidene til Statens Vegvesen for å sjå om vegen er eigd av fylket (FV), kommunen (KV) eller om vegen er privat (PV) eller skogsveg (SV). Her trykkjer ein inn på vegen og les av dei første bokstavane i vegsystemreferansen. Om det er feil på veglys langs fylkesveg, kan det meldast inn til Vestland fylkeskommune.

Det er ca. 1000 veglys innanfor Kvam Herad som Haringnett har vedlikehald på.

Dersom det er lampar som ikkje lyser, eller du ser andre feil og manglar, er det fint om du kan melda frå til oss på tlf: 56 55 33 00 eller på post@haringnett.no.