Om Haringnett

Kvam Energi Nett AS vart danna den 01.04.2020 grunna myndigheitspålagde endringar mot energibransjen. I 2024 endra vi navn til Haringnett etter pålegg frå RME.

Vi har områdekonsesjon som netteigar i store delar av Kvam herad.

Områdekonsesjon gjev netteigar rett og plikt til å byggja og driva elektriske fordelingsanlegg/linjenett med spenning til og med 22 kV i sitt område.

Linjenettet består mellom anna av omlag 257 km høgspentnett, 650 km lågspentnett og 400 fordelingstransformatorar. Utbygging, drift og vedlikehald av dette nettet er kvardagen til nettavdelinga.

IMG_1285.JPG