Varslings- og klageveiledning

Haringnett har som mål å yte god service, men i enkelte tilfelle opplever me at ikkje alt går som planlagt. Då set me pris på tilbakemelding slik at me kan forbetre oss.

Dersom du har oppdaga kritikkverdige forhold med/i bedrifta, er misfornøgd med noko vedrørande ditt kundeforhold eller har andre ting å klage/varsle om, kan du kontakte oss her.

Haringnett vil da behandle klagen i henhold til våre rutinar for varsling/klager.

Prosedyre

Varsling

Vår verksemd pliktar seg til å fremje og respektera menneskerettar. Me skal ha anstendige arbeidsforhold og arbeider kontinuerleg for å være i samsvar med krav i Åpenhetsloven. Arbeidet med aktsomheitsvurderinger er ein prosess som går over tid og vert evaluert jamleg.

Har du oppdaga kritikkverdige forhold, kan du varsle oss om dette på e-post: kundeservice@haringnett.no - merka “varsling” eller fyll ut skjema under.

Haringnett vil med mottak av varsling bekrefta at den er mottatt, og den vil verta besvart innan 14 dagar med handlingsplan og/eller tiltak for å unngå at liknande hendingar skjer igjen.

Kundeklage

Har du noko du er misfornøgd med kan du sende ein e-post til kundeservice@haringnett.no- merka “kundeklage” eller fyll ut skjema under.

Klagen bør innehalde informasjon om kva du er misnøgd med, eventuelt med ditt forslag til løysning. Få med alt du meiner er relevant informasjon.

Haringnett vil ved mottak av kundeklage bekrefte at klagen er mottatt, og klagen vil verta besvart innan 14 dagar.

Dersom det ikkje er mogeleg å konkludere innan 14 dagar, vil me innan same frist gje kunde skriftleg beskjed om status for klagebehandlinga, samt forventa tidspunkt for endeleg tilbakemelding.

Skjema der du kan levere varsling eller klage

(du vil få kopi av dette skjema på oppgitt epost)