Det Lokale Eltilsyn - DLE
Har du spørsmål, bekymringar eller må utsette ein varsla elkontroll, send oss ei melding her
Me utfører regelmessig kontroll i bustadar, hytter o.l. og føretar stikkprøvekontroll på nye anlegg, utviding, omlegging m.v. Me er underlagt direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap, dsb.no.
Huseigar og evt leigetakar/brukar er sjølv ansvarleg for at det elektriske anlegget og det elektriske utstyret til ei kvar tid er i forskriftsmessig stand og at det vert brukt rett.
Installasjonsarbeid kan berre utførast av godkjent elektroentreprenør. Entreprenøren skal levera deg som eigar/brukar av anlegget eit garantibevis, såkalla "Samsvarserklæring", som er ein garanti for at anlegget er i samsvar med forskrifter og normer. Det er viktig at dette vert oppbevart på eigedomen som dokumentasjon ved kontroll frå oss, i samband med forsikringssaker eller ved sal av eigedomen. Dokumentasjonen kan og lagrast digitalt på Dokumentasjonen kan og lagrast digitalt på boligmappa.no.
Ved kjøp eller sal av eigedom kan ein kontakta DLE for å få kopi av dokumentasjon av tidlegare kontrollar av det elektriske anlegget.
Fått varsel om kontroll og lurer på kva dette er, då finn du meir info her.
I menyen oppe på sida vil du og finne anna forskjellig nyttig informasjon.
Oppgåver DLE utfører for DSB
Administrativt er det lokale elektrisitetstilsyn (DLE) underlagt netteigar og er ein del av monopolverksemda, medan fagleg er DLE underlagt DSB som gjev føringar for tilsyn m.m.
Kontroll av el-installasjonar og elektrisk utstyr i private husstandar, landbruk, bedrifter, mm.
Systemrevisjonar av elektroinstallatørar.
Systemrevisjonar av internkontrollsystem i bedrifter som t.d. produksjonsbedrifter, verkstader, helseinstitusjonar,
eksplosjonsfarlege område, mm.
Marknadskontrollar (td. kontroll av produkt som vert seld i butikkar)
Informasjon om el-tryggleik til kundegrupper
Revisjon og verifikasjon av internkontroll som omhandlar elektriske installasjonar og elektrisk utstyr.
Deltek i brannetterforsking.