Anleggsbidrag
Nettselskapa skal fastsette anleggsbidrag for å dekke kostnadene ved nye nettinvesteringar og nettforsterkningar når kundar:
blir tilknytte, eller
får økt kapasitet, eller
får betre kvalitet.
Nettselskapa skal fastsette og krevje inn anleggsbidrag for å dekke heile eller deler av kostnadene ved ny nettilknytning eller ved forsterkning av nettet til eksisterande kundar. I tillegg skal nettselskapet fastsette anleggsbidrag når kunden ber om økt kvalitet.
Nettselskapa skal praktisere regelverket objektivt og ikkje-diskriminerande. Med dette meiner me at nettselskapet må sørge for at de behandlar like tilfelle på same måte.
Formålet med anleggsbidrag er todelt.
Det eine formålet med ein plikt for nettselskapet til å ta betalt, er å synleggjere kostnadene ved en ny tilknyting eller forsterkning av en eksisterande tilknyting.
Når kunden(e) mottar et tilbod om tilknyting med tilhøyrande estimat på et anleggsbidrag, får ein moglegheit til å vurdere nettilknytning opp mot alternative tiltak. Dette kan for eksempel være at kunden vel å redusere sitt effektbehov eller å endre lokalisering til ein stad med betre nettkapasitet. Dette vil igjen kunne redusere anleggsbidraget kunden(e) må betale.
Nettselskapa skal krevje at kunden(e) som utløyser nye nettilknytning eller forsterkningar i eksisterande nett dekker inntil 100 % av de nødvendige anleggskostnadene. Kor stor part kunden(e) skal dekke avhenger av effektbehovet, og om det er eller vil bli andre kundar som blir tilknytte anlegget eller får økt kapasitet på et eksisterande nettanlegg.
Det andre formålet er å fordele kostnadene mellom kunden(e) som utløyser investeringa og nettselskapets øvrige kundar. Bakgrunnen for kvifor dette er eit viktig hensyn er at kostnader som ikkje dekkes av kunden(e) som utløyste investeringa, dekkes av nettselskapets øvrige kundar gjennom økt nettleige.
Les meir om anleggsbidrag hos NVE-RME
Les meir om NVE`s regelverk for anleggsbidrag. (Kapittel 16)
Ta kontakt med vår driftsavdeling for nærare informasjon.
Sentralbord: 56 55 33 00
Opningstid: 07:30 - 15:00