Innføring av smarte straummålarar (AMS) var ei viktig modernisering av straumnettet både her i Kvam og i resten av landet. Nye AMS-målarar sikrar blant anna at du ikkje betaler for meir straum enn du faktisk nyttar.  Alle abonnentane i vårt nett har i dag installert AMS-målar. Visste du at denne nye type målar kan gjere meir enn å lese av og rapportere inn straumforbruket ditt?

AMS-målarar - dette er greitt å vite


Ein AMS-måler registrerar og innrapporterar straumforbruket ditt til oss i nettselskapet. Denne rapoporteringa er heilt ned på timenivå. Du slepp dermed å lese av og sende inn forbruket ditt. Men like viktig: du er sikra at du kun betalar for det faktiske straumforbruket ditt.

AMS-målaren har fleire fordelar:

  • Jevnare belastning på nettet vil redusere risikoen for overbelastning og straumbrot.

  • Ved evt. straumbrot blir feilen raskare identifisert og retta opp.

  • Du kan skru av straumen i heile bustaden. Dette kan vere praktisk dersom du t.d. stengjer hytta for sesongen, eller når bustad skiftar eigar eller leigebuar.

  • Med nye AMS-målarar kan du no lettare følge med på eige forbruk, analysera forbruksmønsteret ditt og få hjelp til smartare straumbruk.