Åpenhetslova
Haringnett arbeider kontinuerleg mot ei etisk forsvarleg og berekraftig utvikling.
Målet med åpenhetslova er å fremja verksemder si respekt for grunnleggjande menneskerettigheiter og anstendige arbeidsforhold, samt sikra allmenheita tilgang til informasjon. Det vil seia at lova skal bidra til å redusera risikoen for at selskap årsaker eller medverkar til brot på menneskerettigheiter og brot på arbeidsforhold i verksemda og hjå underleverandører og andre forretningsparter.
For Haringnett betyr det at me må vera meir opne om korleis verksemda vår påverkar verda rundt oss, og at me må gjennomføra vurdering av aktsemd for å sikra at me ikkje bidreg til negativ påverknad på mennesker, samfunn og miljø. Dette vil ikkje berre gjelda for eiga verksemd, men og for leverandørar og verdikjeda til leverandørane.
Vurdering av aktsemd
Bærekraft er ein integrert del av Haringnett sin selskapsstrategi, forankra i våre strategiske mål.
Me har eit ansvar for alle som jobber hjå oss, for oss og med oss. Som eit av fokusområder har Haringnett og eit ansvar som leverandørutfordrer, som mellom anna inneber å fylgja opp rutiner og driva berekraftig innovasjon i samarbeid med leverandørar.
Prosessen med vurdering av aktsemd er basert på «OECD sin veileder for aktsomhetsvurderinger for ansvarlig næringsliv»
Prosess for aktsomheitsvurderingar (OECD veileder)