Kvam Energi Nett skiftar namn til Haringnett
Styret i Kvam Energi har vedteke å endre namn på nettselskapet Kvam Energi Nett AS. Det nye namnet er Haringnett AS.
Årsak til endringa er eit pålegg frå reguleringsmyndigheita for energi (RME) om at namnet på nettselskapet skal skilje seg klart frå
andre verksemdsområder i same konsern slik at forbrukarar skal forstå kven som er ansvarlege for utføring av nettenester og kven som er ansvarlege for andre tenester.
Endringa gjeld berre selskapsnamnet og ikkje tenestene selskapet leverer. Me kjem til å behalda dagens logo og omprofileringa vil føregå gradvis for å halde kostnadane nede.
Har du spørsmål? Ta kontakt med oss.