Innføringa av ny nettleigemodell vert utsett
Regjeringa varsla på fredag at det er fleirtal på Stortinget for å utsetje innføringa av ny nettleigemodell.
Kvam Energi Nett AS vel å følgje stortingsfleirtalet sitt ønskje, og utset difor innføring av ny nettleigemodell inn til vidare.
Dette medfører at gjeldande nettleigeprisar med fastledd og energiledd vert vidareført som dei er i dag.