11.02.2022 - Straum feil Botnen - Skåro - oppdatert info
Oppdatering - Straum feil Botnen/ Skåro. Arbeidet me kabel i sjø er ferdig stilt, og ein del krevjande arbeid står att på land. Går resterande arbeid etter plan forventar me og setta straum på mot Botnen/ Skåro på Laurdag(12.02) ettermiddag.
Grunna dårleg vær vart båten ein dag forsinka på plass i Kvam. Og første dag for arbeid i Fyksesund vart avslutta grunna kastevind som skapte problem for båten/ posisjon ved opptak av kabel.
Arbeidet på land sida vert meir krevjande og me klarar ikkje henta inn den tapte tida. Me beklagar ulempene det fører til for kundar i område.